Standal Alpesenter Drift AS dreiv sal og utleige av hytter og sal av hyttetomter på Standalseidet i Ørsta. Standal Alpesenter AS er eigar av driftsselskapet og eigedommane på Standalseidet.

Selskapa dreiv sal av tomter og hytter på Standalseidet. Standal Alpesenter har til saman bygt fleire titals hytter på Standalseidet.

Alpehytta Standal AS, som driv utleige av hytter, har same eigarar som dei to nemnde selskapa, men er ikkje råka av konkursen. Her held drifta fram som før.

Standal Alpesenter AS har hatt positive driftsresultat alle år fram til 2013. Då gjekk selskapet med 140.000 kroner i minus.

Standal Alpesenter Drift AS hadde eit positivt driftsresultat på 954.000 kroner i 2013. Elles gjekk selskapet i minus i 2010 og 2012 og i pluss i 2009 og 2011.

Advokat Hege Heian Notøy er oppnemnt som bustyrar i begge konkursbua. Krav i bua må meldast til bustyrar innan 7. april. Første skiftesamling blir 14. april på Sorenskrivarkontoret i Volda.

Møre-Nytt har forsøkt å få ein kommentar frå bustyrar Notøy torsdag, førebels utan å lykkast.