Ørsta har ein lang tradisjon knytt til markeringa av kvinnedagen. Nytt av året er at Høgre-kvinnene er med på arrangementet, i tillegg til KrF, Arbeiderpartiet, KFUK-gruppa og internasjonalt kvinnetreff i kyrkjeleg regi.

– Det er eit breitt arrangement som mange av kvinnene i Ørsta står bak, og festen vert på Røde Kors-huset, seier Inger M. Sandvik Sundnes.

– Det har alltid vore tradisjon for å ha gudsteneste før festen. I år hamnar 8. mars på ein søndag, og difor deltek dei som vil på den vanlege gudstenesta. Det vert solidaritetsgudsteneste, og den er profilert inn mot kvinnedagen, seier Kjellfrid Hovdenakk.

«Ein god start på livet»

Gjennom arrangementa i Ørsta skal det samlast inn midlar som skal gå til eit godt formål for kvinner. I år er det eit kvinneprosjekt i regi av Kirkens Nødhjelp.

– Eg vart spurt om Kirkens Nødhjelp hadde eit prosjekt som handla om kvinner, og det har vi mange av. Det var eit luksusproblem å velje, men vi enda opp med eit prosjekt som heiter «Ein god start på livet» i Malawi. Det er eit av verdas mest fattige land, og dødstala blant barn og mødrer er store i samband med fødslar. Å føde eit barn i Malawi er eit stort risikoprosjekt, seier regionskonsulent Bente Hjertenæs i Kirkens Nødhjelp.

Manglar vatn

I Malawi er det berre halvparten av dei som føder som har kvalifisert personell til stades.

– Prosjektet som vi har med våre partnarar i Malawi er eit stort og vidt prosjekt. Det handlar om å utdanne jordmødrer og helsepersonell i samarbeid med ein del utdanningsinstitusjonar i Noreg. Så handlar det om å byggje og utstyre helseklinikkar på landsbygda. Når du kjem på barselbesøk i Noreg er det kanskje vanleg å ha med ein blome eller ei gåve. I Malawi har dei med vatn. Helseklinikkane manglar vatn, og det å få vatn til klinikkane er ein del av prosjektet.

I tillegg handlar prosjektet om helseopplysning og det vert kjøpt inn sykkelambulansar.

Under arrangementet vert appellar, musikk, song og mat.

– Og det og innslag av internasjonal mat.

– Må halde trykket oppe

Arrangørane meiner at det er grunn til å feire 8. mars i Noreg.

– Det er alltid noko å jobbe med for kvinner både i inn- og utland. Kvinnesakene må det haldast trykk på elles så siger det vekk.