Onsdag vart saka om eventuell flytting av ferjesambandet Lauvstad-Volda til Lauvstad-Mork/Eikrem handsama av Samferdsleutvalet i fylkeskommunen. Saka har vorte handsama før, men vart lagt fram på ny då det kom fram at fleire underskriftslister ikkje var teke med i vurderinga. Likevel held fylkespolitikarane på at ferjekaia bør flyttast til Mork/Eikrem. Saka vart vedteken med sju mot fire røyster.

Det var Petter Bjørdal (Ap) som fremja forslaget på vegner av seg sjølv og mellom andre samferdslepolitikarane Iver Nordseth (V), Oddbjørn Vatne (Sp) og Bjarne Kvalsvik (Uavh.).

Fylkesrådmannen ønskte å halde på dagens samband til Volda, først og fremst fordi han ikkje ser korleis fylket kan ta kostnaden med å byggje ny ferjekai på Mork/Eikrem. Kostnaden er estimert til mellom 70 og 90 millionar kroner. I vedtaket frå Samferdsleutvalet heiter det at planarbeidet må startast opp så snart som mogleg, slik at prosjektet kan prioriterast i investeringsprogrammet.