I samband med flyttinga av Rema 1000 og utbetring av Melsvegen er det fleire innbyggjarar på Ose og i Melsbygda som er redde for at born skal verte skadde i trafikkulykker.

– Det er fleire forhold som gir grunn til uro for farlege situasjonar for dei mjuke trafikantane, skriv representantar frå Osberget grendelag til kommunen.

Dei peikar mellom anna på at det er auka trafikk i Melsvegen grunna bilkøyring til og frå Rema, og at fleire held høg fart, truleg på grunn av at vegen er utbetra til to køyrefelt. Vidare har dei merka at det er auka trafikk gjennom Osgeila frå Rystefeltet, fordi folk heller nyttar seg av denne vegen framfor å køyre E30.

– Her bur mange born som dagleg ferdast til og frå skule og fritidsaktivitetar, med dårleg tilrettelegging for dei mjuke trafikantane. Vi bed kommunen om å vurdere tiltak før born vert skadde i ulykker.