Saka var oppe i Levekårsutvalet i Ørsta kommune tysdag. Utvalet rår samrøystes til at Bakketunet/Galleri Bjørk på Bjørke for skjenkeløyve for øl, vin og brennevin ved lukka lag. Saka går no vidare til formannskapet, som gjer endeleg vedtak.

Det er søkt om skjenkeløyve innandørs, i den freda røykestova frå 1549, medan uteserveringa skal vere ved kunstnarbustaden i tunet.

Bakketunet ønskjer også å servere alkohol i den gamle kufjøsen. Denne er ikkje fredag, men er rekna som verneverdig.

Det har vore kulturprogram i Bakketunet i fem år, der kunst og kulturformidling har stått sentralt, heiter det i søknaden.

– Det siste året har vi merka ein markant auke i førespurnaden frå grupper. Til neste sesong ønskjer vi difor å gi grupper eit heilskapleg tilbod der ingrediensane er kunst, kulturhistorie og matkultur.

Menyen får namnet «trend og tradisjon».

– Vi vil særleg legge vekt på ølbryggjetradisjonane, skriv innehavar Marita Bett Aakre.