Det seier fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V).

Planane er klare for kva fylkes- og riksvegar som skal asfalterast i Ørsta og Volda i løpet av våren og sommaren 2015.

I Ørsta får desse vegane ny asfalt:

E39 mellom Rjånes og Bjørndalen (4090 meter)

E39 mellom Bjørndalen og Bergehalsen (3050 meter)

Fv. 45 mellom Brautaset og kommunegrensa til Volda (mot Krøvelseidet (2889 meter).

Fv. 655 mellom Brautaset og Bondalseidet (2184 meter)

– Strekninga mellom Rjåneset og Bjørndalen er den nest lengste som får asfalt på Sunnmøre. Ørsta kjem veldig godt ut av årets dekkelekking, seier fylkesvaraordføraren.

I Volda får desse vegane ny asfalt:

E39 mellom Rotsethorntunnelen og Sjukehuskrysset (rundkøyringa) (830 meter)

E39 mellom Volda og Ekset (2687 meter).

Fv. 40 mellom Lauvstad og Kvangardsnes (2613 meter)

– Dette er noko mange ringer til meg og spør om, så det er tydeleg at folk er opptekne av det, seier Gjerde.

Sjå kart over strekningane som får nytt dekke i kartet over. Hald musa over eller trykk på ikona for å vise detaljane. Kart: Sunmørskart/Thinglink/Møre-Nytt. Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune

E39 ved meieriet i Ørsta fekk ny asfalt i 2011. Foto: Kjell Arne Steinsvik