Det vart opna konkurs i i Ørsta-selskapet i førre veke. Før konkursen skifta selskapet namn til Marko Energi AS.

Ifølgje Nett.no, som melde om konkursen først, har det buskerudbaserte selskapet Olje- og Energisenteret teke over kundemassen og drifta i Follestad oljeforretning.

Både driftsresultatet og omsetninga til Follestad Oljeforretning har hatt ei negativ utvikling siste åra. Det familieeigde selskapet vart registrert i 1999, og hadde eit driftsresultat på -151.000 kroner i 2013.

Marknaden for fyringsoljeleverandørane har gått mykje ned dei siste åra, mellom anna som følgje av nye avgifter, skriv Nett.no. I tillegg kan bruk av oljefyring hos private bli forbode frå år 2020.

Advokat Hege Heian Notøy er bustyrar. Krav i buet skal meldast til henne innan 31. mars. Første skiftesamling blir halden i Søre Sunnmøre tingrett 9. april.