– I den kommunen eg bur, Frogn kommune i Akershus med over 15.000 innbyggjarar, finst det ikkje noko legesenter. Der har legane etablert seg i fleire kontor, 2–3 saman, på ulike sentrale stader i kommunen. Eg har aldri høyrt nokon som har klaga på dette på nokon som helst måte, verken innbyggjarane eller legar. Tvert om, fortel den tidlegare Ørsta-ordføraren.

Han har følgt med i debatten kring legesenter i Ørsta og stiller spørsmål om kven som vert taparane og vinnarane ved å byggje legesenter i sentrum.

– Kva er eigentleg gevinsten ved dette? Slik eg har forstått det, og vorten fortalt, er at ein av premissane for at det skal vere eit sentralt legesenter i Ørsta sentrum, så må legekontora på Sæbø og på Vartdal nedleggjast og avviklast.Stemmer dette er det ikkje vanskeleg å peike ut taparane. Det er verre å peike ut vinnarane. Kven dei er, reflekterer Kvistad.

Han oppmodar politikarane om å tenkje meir enn eitt stort legesenter, og viser til situasjonen i heimkommunen der det finst fleire mindre legekontor.

– Systemet fungerer svært godt fordi det er nesten ikkje ventetid for nokon for å kome til lege i kommunen. Avstanden til lokalsjukehuset her er om lag sameleis som for dei fleste i Ørsta kommune har til Volda sjukehus, om det er eit poeng.

Ved besøk i Ørsta ser det ikkje ut for å vere mangel på ledige lokale. Berre ein gåtur i Vikegata med omland syner at det er mange tilgjengelege lokale, seier Kvistad. Han konstaterer altså at bygdene vert taparar ved nytt legesenter i sentrum av Ørsta.

– Viss det er rett slik eg er vorte fortalt, at legekontora på Vartdal og Sæbø må leggjast ned for å få reknestykket til å gå opp for nytt legesenter i Ørsta sentrum, så må dei som bur og soknar til dei to «utkantane», betale ein svært høg pris for å sentralisere, seier Kvistad.

Desentralisert

– Dei fleste ynskjer vel at Ørsta kommune framleis skal ha ein desentralisert busetnad, og at det skal leggjast til rette også utanfor sentrum for vekst og utvikling. Då er nær tilgang til helsetenester eit av dei viktigaste og sentrale elementa for å skape tryggleik og trivsel.