– Vi har hatt det fyrste møtet med aktørane i sentrum. Det som er viktig er at det er reiselivsaktørane sjølve, og spesielt Hotell Ivar Aasen, som må stå sentralt i dette, forklarte reiselivssjef Geir Steinar Vik då han deltok på eit ope møte om reiseliv i regi av Ørsta Høgre på Sæbø fredag.

Vik vedgjekk at Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har satsa mykje på Hjørundfjorden, men ikkje så mykje på Ørsta sentrum. No skal ei satsing på bygdebyane på Sunnmøre stå meir sentralt i arbeidet.

– Vi har i gang eit liknande prosjekt som det vi skal i Ørsta også i Fosnavåg, fortalde Vik.

Han peika på at Ørsta ligg midt i smørauget. Det er under to timar avstand frå Ørsta sentrum til både Loen og Briksdalsbreen og Runde.

– Med Eiksundsambandet og Kvivsvegen har Ørsta fått ei sentral geografisk plassering, sa Vik

Han peika på at det har vore satsingar i Ørsta sentrum, men i liten grad har dei vorte meir enn lokale.

– Vi meiner Naturfestivalen og Saudehornet rett opp er gode tiltak som kan vere sentrale i ei satsing. Men det vi veit er at desse arrangementa ikkje har ført til auka overnatting for Hotell Ivar Aasen. Ser vi på Loen og Skåla opp, veit vi at hotella der er vekktinga elleve månader før løpet. Det viser potensialet, sa Vik.

Aktørane som samarbeider er Hotell Ivar Aasen, Ørsta Reiselivslag, Ørsta næringskontor og DÅS. Det er også meininga Ivar Aasen-tunet skal vere med.

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre vil vere med på marknadsføringssida og med å medverke med nettverk. Vik understreka at mykje av arbeidet må gjerast lokalt.

– Det at Hotell Ivar Aasen vert med på dette er viktig. Hotellet har mykje næringstrafikk, men har ikkje mykje turisttrafikk, fortalde Vik. I Loen er mellom anna Hotell Alexandra medarrangør av Skåla opp.

Det vart stilt spørsmål om cruisesatsing under møtet, men Vik sa at det ikkje er endringar i at Olden, Ålesund og Geiranger er hovudhamnene for turistskiptrafikken i området

Satsing: Saudehornet rett opp skal vere sentralt i satsinga på Ørsta sentrum som reiselivsprodukt. Foto: Erik Bergmann
Unikt: Hjørundfjorden rundt kan verte eit heilt unikt reiselivsprodukt, seier reiselivssjef Geir Steinar Vik.