Hogne Barstad har sagt opp drosjeløyvet sitt fordi han har teke seg arbeid som bussjåfør. Han oppmoda fylket om at det ledige løyvet etter han burde verte lyst ut med stasjonering på Vartdalsstranda, men fylket seier førebels nei til dette. Dei viser til ei tilbakemelding frå Ørsta Taxisentral som seier at dei ikkje vil ha nokon problem med å kunne dekke etterspurnaden etter drosje på Vartdalsstranda slik dei også gjer i dag.

Lite etterspurnad

– Vi har kome fram til at vi inntil vidare legg drosjeløyvet «på is». Opplysningar vi har fått tyder på at det ikkje er store etterspurnaden etter drosjetransport på Vartdalsstranda, og at den transporten som er i dag, lett vert dekkja av sentralen. I tillegg legg vi vekt på at køyregrunnlaget for drosja i Barstadvik vart sterkt redusert etter at Nettbuss tok over skulekøyringa i området. Det har såleis vore minimal drift på løyvet siste tida, melder fylket.

Det er samferdselssjef Arild Fuglseth som går inn for dette.