Det seier Sigrun Vartdal i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som er arrangør for Næringskonferansen Søre Sunnmøre saman med Ørsta Næringskontor.

Over tre veker før konferansen, er alle billettane selde, og eit tjuetals personar har sett seg på venteliste. Dette skjer trass i at arrangørane har utvida kapasiteten frå 160 til 220 frå i fjor til i år.

Femnar breitt

– Eg trur dette viser at vi har treft når det gjeld tema og føredragshaldarar, seier Odd Magne Vinjevoll, dagleg leiar ved Ørsta Næringskontor.

Johan Kaggestad, Lars Monse, Henrik Syse, Tore Ulstein og Loveleen Brenna er mellom føredragshaldarane under konferansen. Jan Runar Holsvik frå Bygg 1 i Ørsta er det lokale alibiet.

– I fjor såg vi at Kjell Arne Aurstad heldt eit av dei mest populære føredraga, og det viser at det er viktig at også lokale er representerte på eit slik arrangement, seier Vartdal.

I tillegg til dei to arrangørane, er konferansen sponsa av fleire lokale verksemder.  Elevar frå både restaurant- og matfag og blomsterdekoratørlinja ved Ørsta vidaregåande skule også i år involverte i gjennomføringa av konferansen.

Nøkkelen for konferansen er å femne breitt, trur arrangørane.

– Dei fleste snakkar mest med folk frå si eiga bransje, og det finst nok av konferansar for enkeltbransjar eller enkeltprofesjonar. Vi skal verken fokusere på ein enkelt bransje eller ei enkelt faggruppe, men heller vere ein møteplass for det lokale næringslivet, uansett kva dei driv med. Mange av utfordringane er dei same rundt om i bedriftene, seier Vartdal.

Heile regionen

Sjølv om hovudtyngda av deltakarane framleis er frå Ørsta og Volda, skal konferansen vere for næringslivet på heile Søre Sunnmøre.

– Det kjem folk både frå Ytre Søre og frå Ålesund, men det er naturleg for oss å rette oss mest mot Ørsta og Volda. Vi har også stor spreiing både i bransjar. Her kjem folk frå alt frå enkeltmannsføretak til store konsern, seier Einar Holsvik.

Motiverte for å satse vidare

Rekordpåmeldinga viser at Næringskonferansen Søre Sunnmøre har vorte godt etablert dei tre siste åra, trur arrangørane.

– Sjølv om det viktigaste no er å få til eit best mogleg arrangement 26. mars, er vi allereie godt i gang med å planlegge neste års konferanse. Vi er supermotiverte for å jobbe vidare med dette, seier Holsvik.

– Eg vil tørre å påstå at dette er årets hending for det lokale næringslivet, seier Olav Sindre Kriken, som også sit i arrangørkomiteen.

Held føredrag: Lars Monsen er ein av føredragshaldaraneunder årets næringskonferanse.