– Sist fredag var det eit viktig møte i Samferdsledepartementet om planlegging av indre trase i Nordfjord. Statens Vegvesen har lagt til rette for å starte arbeidet med planprogram i 2015. Det er likevel viktig å presse på for at det blir starta opp så snart som råd, og at ein får godkjent planprogrammet i løpet av 2015. Møtet i samferdsledepartementet var positivt og vellukka, og det blir no sett fart i arbeidet med planprogram for strekninga E39 Byrkjelo-Grodås, skriv stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal i ei pressemelding.

Traseen for E39 gjennom Nordfjord vart avgjort i fjor får, då Samferdsledepartementet avgjorde at vegen mellom Sunnmøre og Sunnfjord skal gå gjennom Kviven og Indre Nordfjord. Kvivsvegen er allereie ferdigstilt, og no står vegen gjennom Nordfjord for tur. – All erfaring viser at det er viktig å halde tempo i planlegginga dersom ein skal kome i posisjon for løyvingar i Nasjonal Transportplan. Eg er svært glad for at planlegginga av E39 Byrkjelo-Grodås er i rute. For meg er det viktig å følgje opp dei prosjekta vi har jobba med i NTP, seier Lødemel.

Lødemel framhevar at E39 lenger sør i Sogn og Fjordane, Førdepakken, Vikafjellstunnelen, Strynefjellet med tilknyting til Geiranger, Kystvegen og Stad skipstunnel som andre viktige samferdsleprosjekt. – Det er godt å registrere at vi har lokale representantar frå Regjeringspartia som står på inn mot sentralapparatet for å få posisjonert viktige prosjekt i fylket. Forslaget til planprogram skal ut på offentleg høyring i 6 veker, og det tek gjerne 6-8 månader frå oppstart og til kommunane har godkjent planprogrammet. Statens vegvesen må sikrast naudsynte planleggingsmidlar framover, noko både Statssekretæren og representantane frå Vegdirektoratet noterte seg. Det er ikkje berre tunnelen gjennom Utvikfjellet og brua som må få fastlagt planleggingslinja, også E39-erstatning for tunnelen gjennom Kjøshammaren hastar på grunn av den nye tunneltryggleiksforskrifta som kjem, seier Svein Sunde i Gode Vegar AS.