Og til og med «stele» ein halvtime av tida hans for ein samtale med kjeks og kaffi attåt? Då bør du kjøpe lodd til fasteaksjonen. Han vert arrangert i samarbeid mellom Kirkens Nødhjelp, Fikyrkja og Den norske kyrkja. Fram til 24. mars sel eldsjelene lodd der inntektene går til folk i verda som treng hjelp til å få reint vatn.

– Tema for årets fasteaksjon er vatn og klima. Vi skal jobbe for retten til reint vatn i ei verd utsett for klimaendringar. I kriser er vatn kritisk, seier regionkonsulent Bente Hjertenæs i Kirkens Nødhjelp.

Ein av gevinstane er ein tur med ordføraren til Hovdevatnet der Rune Hovde spanderer kjeks og kaffi, og ein halvtimes prat på benken ved vatnet. Ein annan premie er like original: Då kjem musikar Stig Ulv heim til vinnaren og held ein halvtimes huskonsert.

To andre premiar er teppe av ull i fargar frå vatnet. Dei er laga av kvinner frå ti ulike nasjonar som bur i Ørsta.

– Folk kan framleis levere lappar til kyrkjekontoret, seier Bente Hjertenæs. Fugl Fønix, Fru Svendsen, kyrkjekontoret og frikyrkja har loddbøker. På onsdag er det loddsal på Amfi.

Ordførar Rune Hovde i Ørsta.