«Eg treng hjelp til å forstå. Eg treng hjelp til å forstå kvifor du meiner nedlegging av akutteiningane på halvparten av landets lokale sjukehus vil styrkje sjukehustilbodet?», skriv Caroline til helseministeren.

«Kvifor helgestenger barneavdelinga ved Kristiansund sjukehus for å spare 4 millionar i året, når det blir betalt 4,7 millionar i løn som overlege til eks-fagdirektør i Helse Midt-Norge?» Spør ho vidare.

I brevet insisterer ho på at akuttilboda i Noreg må vere desentralisert.

«Noreg er eit langstrakt og vêrbite land. Luftambulansen kan ikkje flyge om været er for dårleg. Derfor må vi ha fullverdige lokalsjukehus landet rundt», skriv Rudi.

Ho gjentek det ein kollega ved Volda sjukehus sa i ein tidlegare artikkel i ei lokalavis; «det hjelp ikkje kor gode spesialistar som finst på dei store sjukehusa om pasienten er død når han kjem dit».

«Så hjelp meg å forstå, kvifor fortener sjefane i helseføretaka millionløner, framfor at barn og unge skal ha ei fullverdig barneavdeling 7 dagar i veka?»