– Raset har ikkje gått enno. No har vi evakuert Vikemarka skule, Farkvamen barnehage og Kvitveisen barnehage etter ordre frå politiet. No går diskusjonen på om vi skal evakuere Ørstaheimen, sa ordførar Rune Hovde i Ørsta då Møre-Nytt var innom kriserommet på rådhuset torsdag føremiddag.

Øvinga var berre ei papirøving, og ingenting vart faktisk gjort ute i felt. Staben i Sunnmøre politidistrikt leia øvinga, med støtte frå Ørsta kommune og Volda og Ørsta lensmannskontor.

Scenarioet var stor fare  for eit snøskred i byggjefelta over Ørsta sentrum.

Skredfarekarta som Ørsta kommune og Noregs vassdrags- og energidirektorat har utarbeidd saman, vart testa for første gong under øvinga.

– Desse karta er ikkje offentlege enno, men dei vil bli det om kort tid. Vi ser allereie no at det er eit godt hjelpemiddel i slike situasjonar, seier Hovde.

Karta indikerer kvar risikoen for at eit skred vil ramme dei forskjellige områda i Ørsta er, og kan brukast mellom anna i samband med evakuering.