– For at kommunen skal vere sikker på at tilskota som kommunen bidreg med vert nytta med størst muleg effekt, vil Ørsta Frp at kommunen evaluerer noverande støtte til Ørsta Reiselivslag opp mot alternativ til medlemskap/støtte til ein destinasjon tilhøyrande Nordfjord, Geiranger eller Runde/Ålesund. heiter det i ei fråsegn frå årsmøtet til partilaget.

– Reiseliv er ei viktig næring for kommunen vår. Ei ytterlegare knoppskyting og fornying og fleire reiselivsbaserte kultur- og reiselivsaktørar er hjarteleg velkomne. Ørsta Frp ynskjer at noverande tilskotsnivå vert vidareført til reiselivet i åra framover, heiter det i fråsegna.

Partilaget ynskjer altså ei utgreiing av korleis reiselivet skal vere organisert.

– Kanskje kan ei anna organisering medverke til «å gje aktørane» i Ørsta/regionen eit betre grunnlag for «eit løft», og ikkje minst å gje ein reiskap for utvikling og god lønsemd for reiselivsbaserte verksemder i Ørsta.

Årsmøtet i Ørsta Frp ynskjer ei høyring blant reiselivsaktørane om denne saka.