110-sentralen i Møre og Romsdal melder om eit branntilløp i Brattebergfeltet i Volda. Brannvernet i Volda vart kalla ut til hendinga.

15.45 melde 110-sentralen på Twitter at situasjonen var under kontroll. Branntilløpet var sløkt, og det vart starta utlufting.

PS: 110-sentralen melde først at branntilløpet var på Heltne. Dette stemte ikkje.