Regionsjef Dag Arne Helle i Felleskjøpet Agri gler seg over at nybygget deira i Furene er i ferd med å ta form. 2.300 kvadratmeter boltreplass er ei klar forbetring frå dagens lokale på Rystelandet.

– Vi måtte ha gjort store oppgraderingar om vi skulle ha halde fram i Ørsta. Lokala er for tronge, både når det gjeld verkstaden, men også for butikken.

Opnar i juni

Dermed fall valet på nybygg i Furene i Volda, med større verkstad og større butikk.

– Heilt «up to date», i eit mykje smidigare bygg, kommenterer Helle.

Han seier at Felleskjøpet no satsar meir på forbrukaren enn dei har gjort tidlegare, og at dei difor ser på Furene som eit godt område å vere.

– Her er det mykje handel og næring frå før, og området er også lettare tilgjengeleg for kundane.

Bygginga har førebels gått etter planen, og Helle fortel at dei satsar på nyopning i juni.

Vekst

Sjølv om talet på bønder går ned på landsbasis, opplever Felleskjøpet stadig vekst.

– Vi har kanskje tidlegare vorte oppfatta som litt trauste og mest for bøndene, men dette meiner vi har snudd. Vi har vorte store og meir profesjonelle på butikk. Vi har satsa medvite på forbrukaren, og då særleg på kjæledyr, hage og friluftsliv, og det er det mange som har oppdaga.

Butikksektoren har hatt ein vekst på ti prosent på Vestlandet det siste året, og også når det gjeld landbruk har dei opplevd vekst, og det vil  komme fleire produkt i landbrukskategorien i tida framover.

I Volda satsar dei på ein fullsortimentsbutikk, sterkt retta mot landbruket, i tillegg til forbrukarmarknaden. Dette, kombinert med delelager og verkstad, meiner Helle er ei god oppskrift for suksess.

Historisk driftsresultat

Felleskjøpet Agri er 119 år i år, og står stødig i den norske marknaden.

– Vi er spesialistar innan hage, gjødsel og produksjon av fôr. Faktisk er vi dei einaste som har norskprodusert fôr. Vi er eit solid firma eigd av bøndene sjølve. Det er dette som gjer oss sterke.

Felleskjøpet Agri omsette for 12,1 milliardar i 2014 og fekk eit konsernresultat på 301,5 millionar kroner før skatt. Driftsresultatet er det beste ordinære driftsresultatet i Felleskjøpet si historie.