Det får Møre-Nytt stadfesta frå rektor Trond Hjelseth ved Volda vidaregåande skule.

Kronprinsen kjem til skulen tysdag 2. juni, i samband med at Volda vidaregåande skule arranger «Dignity Day».

Det var kronprins Haakon sjølv som stifta Global Dignity saman med Pekka Himanen frå Finland og John Bryant frå USA. Kronprinsen sit i styret for den uavhengige organisasjonen. Dei jobbar for å skape verdigheit mellom folk, og rettar seg særleg mot ungdom. Under Dignity Day blir ungdom oppfordra til å fortelje og dele historier om verdigheit i kvardagen.

I 2010 besøkte kronprinsen Borgund vidaregåande skule i Ålesund i samband med Dignity Day.

– Målet med ein Dignity Day er å gjere elevane medvitne på kva verdigheit inneber, i eige og andre sitt liv, og korleis dette kan vere med å definere noko den enkelte kan gjere for å bidra til ein positiv skilnad i verda, heiter det på Kongehuset sine heimesider.

Global Dignity arrangerer også Global Dignity Day, som i år er sett til 21. oktober. I dag er organisasjonen etablert i meir enn seksti land.

PS: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at kronprinsen kjem torsdag 4. juni. Den rette datoen er altså tysdag 2. juni.