Tysdag kunne Ørsta kommune lansere ny heimeside. Det er eit stort arbeid som ligg bak, kan IKT-konsulent Sverre Osdal og konstituert stabsleiar service og informasjon, Elisabeth Sæbønes, fortelje.

– Vi var spente då vi publiserte sida, men alt ser ut til å fungere godt. Men vi vil gjerne ha beskjed om noko ikkje er slik det skal vere, seier dei to.

Alle kommunane på Søre Sunnmøre er med i Søre Sunnmøre IKT, og samarbeider om utforming av dei nye sidene, og Sæbønes og Osdal framhevar særleg Kristin Mork som ein pådrivar frå Ørsta kommune si side.

Universelt utforma

Alt ved heimesida er nytt, frå design til innhald. Sida er også universelt utforma. Det vil seie at fargevalet er medvite for at sida skal vere enkel å lese. Det er også muleg å auke kontrastane og endre fargar for å gjere teksten meir lesarvennleg. Der er også ein funksjon for å få teksten opplese for dei som treng det.

– Knappane er store og det er lett å navigere på sida. Det er ein såkalla Los-funksjon. Los i ordets rette forstand. Du vert guida enkelt gjennom sida, seier Osdal.

Sida har også responsiv web-design.

– Det vil seie at sida tilpassar seg alt etter kva plattform du brukar. Vi ser at 40 prosent av dei som er innom sida vår kjem via mobiltelefon og nettbrett, og det er viktig at sida er tilgjengeleg og lesbar for alle.

Stort arbeid

– Dette skal vere ei levande side, og vi vil endre og forbetre ho heile tida, lovar Elisabeth Sæbønes.

Målet vidare er å få lagt ut flest muleg skjema elektronisk. Alt no ligg fleire ute, mellom anna til søknad om barnehageplass.

– Det har vorte lagt ned eit stort arbeid i heile organisasjonen for å fylle sida med informasjon. Det har vore både interessant og lærerikt, og godt jobba av alle, rosar Sæbønes og Osdal.

No håper dei at innbyggjarane finn det dei leitar etter på ein enkel måte.

– Og så treng vi også litt hjelp. Til dømes er lista vår over ulike lag og organisasjonar i kommunen gammal, så det er fint om folk kan ta ein kik på sida og sjå om informasjonen stemmer, oppmodar dei.

Den nye sida finn du her.