Saka gjeld avslaget som selskapet fekk for å etablere drivstoffpumper ved Rema i Ørsta. Samfunnsutvalet hadde oppe saka i slutten av januar i år. Då bestemte fleirtalet at det ikkje skal etablerast automatstasjon for sal av drivstoff ved den nyetablerte Rema 1000-butikken. No stiller prosjektleiar for bygg i Uno-X spørsmål om ein av medlemmene i samfunnsutvalet si rolle i saka.

– Ein av medlemmene i utvalet har eigardelar i selskap som leiger ut til konkurrerande verksemder i Ørsta. Vi håper mulege interessekonfliktar er vurdert før handsaming av denne saka, seier prosjektleiar bygg, Ellen Svendsen i Uno-X i eit brev til kommunen. I vedtaket til samfunnsutvalet heiter det at det er uheldig med etablering ved Rema 1000-butikken, spesielt er ureiningsfaren stor, då plasseringa ligg nær vassdrag, vert det hevda. Uno-X svarar at dei har eit konsept og tekniske løysingar som har høg tryggleik i høve ureiningsfaren. Uno-X erfarar også at det aldri har vore aktuelt for ungdom å samle seg rundt ein automatstasjon som berre sel drivstoff, slik nokon i utvalet fryktar.