Scana-konsernet la onsdag kveld fram resultatet for fjerde kvartal og eit førebels årsrekneskap for 2014. Dette syner at Scana Propulsion, der Scana Volda er hovudverksemda, gjekk med overskot i fjerde kvartal.

Tala syner at Scana Propulsion hadde eit driftsresultat på tre millionar kroner mot ein minus på tolv millionar kroner i fjerde kvartal i fjor.

Årsresultatet syner likevel raude tal. Driftsinntektene i 2014 var på 331 millionar kroner, og driftsresultatet (EBITDA) er på minus tre millionar kroner.

Difor varslar styret at det vil verte gjennomført ytterlegare kostnadsreduksjonar i 2015. I 2014 vart talet på tilsette redusert, og bygningsmassen til Scana Volda er inne i ein salsprosess.

Ordreinngangen var på 109 millionar kroner i fjerde kvartal, og ordrereserven utgjer 154 millionar kroner, som er på same nivå som ved inngangen av 2014.

Scana-konsernet har slite siste åra, og styret seier at det framleis er grunnlag for vidare drift. Styret har tru på auka lønsemd med dei kostnadseffektiviserande tiltaka som vert gjennomført.