Det er desse områda som er aktuelle, ifølgje referatet frå  eit møte mellom Ørsta kommune, Amfi drift AS og Amfi Ørsta:

– Området mellom parkeringsplassen på oppsida av senteret og Øyehaug-huset (Webjørn Svendsen-gata 3).

– «Linatomta» (på oppsida av Oppsal Autohus i Vikeyørane). Dette området skal vere knytt til Amfi-senteret, og Amfi ønskjer at området blir reservert for tilsette ved Amfi måndag-laurdag.

Begge områda er kommunal grunn i dag. Gjennomføringa av arbeidet vil vere i kommunal regi, men Amfi signaliserte vilje til å ta på seg kostnadene med opparbeiding og drift av parkeringsplassen på Linatomta. Kommunen vil sjå på om det er mogleg å stelle det nordaustre hjørnet av tomta.

Ørsta kommune ser for seg at området skal vere mellombels parkering for Amfi i fire-fem år.