Valnemnda i Tussa Kraft AS er i gang med arbeidet med å setje saman eit nytt styre.

Difor er eigarane bedne om å nominere kandidatar, og helst to kandidatar kvar for å sikre kjønnsbalansen. Då er det opp til valnemna å kome med si tilråding til generalforsamlinga.

Desse står på val:

Frå Ørsta: Inger Sandvik Sundnes m/personleg vara Knut Olav Standal

Frå Herøy: Hilde Marie Brungot m/personleg vara Dag Kåre Nærø

Frå Volda: Sindre Rotevatn m/personleg vara Ingrid Opedal

Frå KLP: Gunnar Gjørtz m/personleg vara Kirsten Grutle.

Volda kommune skal nominere sine kandidatar på det komande kommunestyremøtet, og rådmannen rår kommunestyret til å nominere to kandidatar med vara.

Aksjonæravtalen seier dessutan at styret bør setjast saman slik at det tek vare på aksjonærfellesskapen sine interesser og selskapet sitt behov for kompetanse, kapasitet og mangfald.

Det vert bedt om at kandidatane har relevant røynsle frå liknande roller.