– Det er tradisjon i laget å syte for at protokollane vert lagra for ettertida. Utan det hadde det ikkje vore råd å lage denne boka. Vi er stolte over resultatet, seier Petter Bjørdal.

Han har saman med Gudny Fagerhol, Roar Rønning og Jostein O. Mo site i redaksjonsnemnda for den rykande ferske jubileumsboka.

Ho er laga i samband med at Ørsta Arbeidarparti fyller 100 år den 15 april i år. Partiet vil markere dette med ei 100 års soge. Meininga er å syne fram aktiviteten frå partiet si verksemd gjennom dei siste 100 år.

– Mange vil nok sakne ting dei meiner burde vere med, men når det er frivillig arbeid som skal utføre arbeidet, har vi måtte gjere nokre val med omsyn til kva som skulle vere med, seier redaksjonen.

Uendra

Dei har teke inn nesten uendra 60- og 70-årssoga som Oddmund Breiteig med fleire førte i pennen i 1975 og 1985. Unntaket er ein bolk om Vartdal Ap på 1930-talet, som er ny grunna ny kjeldetilgang.

– 70 års soga slutta i all hovudsak rundt 1970, då dåverande sogenemnd ikkje ville skrive noko særleg om si samtidshistorie. Vår oppgåve har difor vore å fylle på dei siste 50 åra, seier redaksjonen.

Dei har valt ei anna tilnærming enn dei første femti åra, ved å ta fram historia til dei personane som har hatt dei fremste posisjonane og truleg dei lengste arbeidsdagane for partiet i perioden. Både for å vise kor breitt AP femner og for at ingen skal vere gjort urett, har dei også teke med valstatistikk og oversikt over dei som har gjort innsats i partistyre, alle som har stått på kommunestyrelister og namna på dei som vart valde inn som faste kommunestyrerepresentantar for ein periode. I boka finn ein 107 namnsette personar og 66 bilete. Hjørundfjord Arbeidarlag si historie er også innlemm i boka.

Gudny

Mellom dei som har fått god omtale er tidlegare ordførar Gudny Fagerhol. Ho starta med politisk arbeid i 1979 og gjekk ut av politisk verksemd før førre val. Det angrar ho ikkje på.

– Eg synest det var gjævare å vere lokalpolitikar før i tida då det fanst rom for å drive partipolitikk. I dag er politikken meir styrt av å byggje alliansar   og av økonomiske rammevilkår, opplever Fagerhol.

Ho synest Ørsta Arbeidarparti er ein vital hundreåring.

– Men det er viktig at vi til ei kvar tid har så god rekruttering at vi klarer å føre vidare den gode partikulturen vår, meiner Fagerhol.

Ein annan veteran, Petter Bjørdal, seier også takk for seg, og går kanskje heller ein fjelltur enn å site i kommunestyret når dei «nye» politikarane møtest etter valet i haust. Bjørdal har ei god kjensle for rekrutteringa.

– Vi har større utskifting denne gongen enn på lenge, unge satsar og vi er inne i ein fornyingsperiode der vi viser at vi framleis er eit dynamisk parti. Det er også gledeleg at vi seglar i kolossal medvind nasjonalt.

– Så no vinn de kommunevalet i Ørsta og Jostein O. Mo vert ordførar?

– Vi håper på eit brakval og at vi skal verte det største partiet og få ordføraren. Med å fjerne Rune Hovde frå ordførarstolen vert vanskeleg. Han er favoritt. Uansett vert årets val eit av dei mest spennande på lenge. Paul Kristian Hovden (KrF) kan verte ein joker viss han stiller på liste. Også Stein Aam (Sp) og Odd Magne Vinjevoll (Frp) er spennande utfordrarar, vurderer Petter Bjørdal.