Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har tidlegare teke ut tiltale mot ei kvinne i 20-åra for medverknad til sjølvdrap. Påtalemakta hevdar at det i 2013 vart avtalt mellom kvinna og ein mann at dei saman skulle ta liva sine. I den samanhengen inviterte kvinna mannen til sin bustad der dei to oppheldt seg i fleire døger.

I tiltalen heiter det at kvinna skaffa seg legemiddelet Pentobarbital frå sin arbeidsplass i to opptrekte sprøyter. To dagar etter dette gjorde ho ei av sprøytene tilgjengeleg for mannen. Han fekk i seg ei dødeleg dose av preparatet, og døde av forgifting. Kvinna sette ei tilsvarande sprøyte på seg sjølv, og vart funnen bevisstlaus.

Kvinna er og tiltalt for å ha stole det livsfarlege stoffet Pentobarbital frå sin arbeidsplass.

Det er sett av tre dagar til rettssaka i Søre Sunnmøre tingrett, og den starta onsdag.

– Eg vil ikkje å gå inn på kva som skal liggje til grunn for ynskje om å ta livet av seg – utover å oppretthalde det politiet tidlegare har sagt: at det ikkje er haldepunkt for at sjølvmordet kan knytast til rus og eit rusmiljø, har statsadvokat Jogeir Nogva tidlegare uttalt til Sunnmørsposten om saka.

Saka har ei strafferamme på over seks år.