Av alle føretak frå Volda som leverte rekneskap i 2013, så var det 68,8 prosent som hadde positivt resultat før skatt. I Ørsta kommune var delen på 67,6 prosent. Det er høge tal. Kommunegjennomsnittet i Noreg ligg på 65,9 prosent. Det viser tal som Telemarkforskning AS har innhenta.

Eigenkapital i Volda

Vidare kan vi slå fast at heile 90,3 prosent av bedriftene frå Volda hadde positiv eigenkapital, ein del som er mykje større enn det norske gjennomsnittet på 85 prosent. I Ørsta kommune var det 88,4 prosent av føretaka som hadde positiv eigenkapital.

Desse tala er ein del av materialet som blir lagd til grunn for berekning i det såkalla Nærings-NM, som NHO kvart år får utarbeidt av Telemarkforskning. I «meisterskapen» framkjem det rangering av kommunar med minst 100 innleverte rekneskap, mens vi i denne saka har teke med alle kommunar. Det seier seg sjølv at kommunar med få bedrifter kan få tilfeldige utslag på denne oversikta.

Fleire indikatorar

Med tanke på lønnsemd i bedriftene har vi fått tilgang på alle tala som dannar grunnlag for denne indikatoren.

– Dette er basert på tre område. Tidlegare tok vi berre utgangspunkt i delen verksemd med positiv resultat før skatt, mens det no er eit meir finmaska system, fortel forskar Knut Vareide.

– No har vi i tillegg målt delen lønnsame føretak justert for bransjestruktur, omsetning og alder. Dessutan har vi med ein tredje indikator, som er del verksemd med positiv eigenkapital, fortel han.

Alle desse indikatorane gir ein samla indeks, der alle kommunane i Noreg blir rangerte etter lønnsemd i bedriftene.

Volda rangert

Det er Bindal kommune i Nordland som får æra av å toppe lista i 2014. På denne lista over dei 428 kommunane, så blir Volda plassert som nummer 70, mens Ørsta er på 158. plass. I Møre og Romsdal er det Sula kommune som kjem best ut, med sin fine 11. plass på landsoversikta.

Reint visuelt kan kanskje terningkast gjere biletet meir synleg. Om vi deler alle norske kommunar inn i seks nivå, så trillar bedriftene i Volda så vidt til ein 6-ar på terningen. I Ørsta får bedriftene ein sterk firar på terningen.

Lønsemd blant bedrifter

Del bedrifter (prosent) med positiv resultat før skatt, og positiv eigenkapital. 2013. Kjelde: Telemarkforsking AS

ResultatEigenkapitalRangering
Sula74,692,811
Sande72,788,938
Volda68,890,370
Sykkylven72,784,194
Surnadal70,590,3114
Rauma68,587,4146
Molde69,987,5150
Stranda6984,8153
Ørsta67,688,4158
Hareid66,387,5181
Herøy66,488,9187
Haram65,787,9193
Ålesund68,385,6214
Ulstein66,188,3219
Vestnes65,186,6236
Smøla62,186,3246
Fræna64,587,9248
Rindal6488257
Aure64,785258
Giske65,282,8265
Halsa62,386,8271
Tingvoll61,787,7275
Aukra59,189,2288
Sunndal65,884,2291
Kristiansund67,182,1294
Vanylven60,487,5303
Eide66,482,8306
Ørskog64,182,1314
Skodje60,685,6330
Midsund58,284,8360
Averøy62,281,1366
Sandøy63,281,6369
Norddal49,284,7391
Gjemnes5183,7405
Stordal5582,5406
Nesset53,270,9422
Noreg*65,985