Follestaddalen er eit av bygdelaga som no skal få vegadresser, noko som vert kravd over heile landet i samband med m.a. utrykkingseiningar skal nå fram til rett adresse.

Grendelagsmøtet i Follestaddalen meiner at hovudvegen rundt dalen skal ha namnet «Follestaddalen».

– Vi ynskjer framleis å ha adresse Follestaddalen, og vi ynskjer at vegen skal heite Follestaddalen heile vegen rundt. Vi har postadresse Ørsta, og ved å ta eit anna vegnamn enn Follestaddalen, meiner vi at noko av identiteten vår forsvinn. Follestaddalvegen meiner vi vert for langt, heiter det frå Follestaddalen grendelag.

Grendelaget understrekar at vegen må skiltast godt.

Vegen i Kolåsen meiner eit samrøystes grendelagsmøte skal heite Kolåsbakkane, og i Grøthaugen ynskjer grendelagsmøtet at namnet vert også det: Grøthaugen.

Vidare er det forslag om «Romedalen» i Romedalen, Øyadalen i Øyadalen, og Skulebrua om vegen som går over dalen ved Follestaddal samfunnshus.