Ugland Offshore-skipet «Juanita» vart kåra til årets offshore support fartøy på OSJ-konferansen i London sist veke. Scana Propulsion i Volda har levert framdriftssystemet til skipet, som vart bygd ved Kleven Verft i Ulsteinvik.

Det er magasinet Offshore Support Journal som står bak kåringa.

– Scana Propulsion gratulerer Ugland Offshore, Kleven Verft og Salt Ship Design med prisen, og er samtidig svært stolte over å ha levert framdriftssystemet til skipet, skriv selskapet i ei pressemelding.

Scana CRP system er det første i sitt slag på marknaden, og består av to kontraroterande propellar drivne av to permanentmagnetmotorar.

– Det innovative framdriftsanlegget med permanentmagnet teknologi er utvikla i nært samarbeid med Inpower, som er eit deleigd selskap av Scana Propulsion. Juryen bak kåringa har lagt vekt på den ekstraordinært innovative propulsjonsløysinga til skipet.

Juanita har vore i operasjon for Statoil sidan ho var levert frå Kleven i mai 2014, og har i løpet av den første driftsperioden vist eit betydeleg lågare drivstofforbruk samanlikna med PSVar med andre propulsjonssystem, ifølgje Scana Propulsion.

–  I ei tid med sterk fokus på effektivisering og kostreduksjon i offshorenæringa er dette eit framdriftssystem som Scana Propulsion trur vil sette ein ny standard i næringa.

Les meir om prisen hos Vikebladet