Ein mann i 20-åra, busett i Oslo, er i Søre Sunnmøre tingrett dømt til fengsel på vilkår og bøtelagt for promillekøyring.

Hendinga fann stad i Volda 26. april 2014. Saman med ein vennegjeng var mannen på ein fest ved Rotevatnet. Ifølgje forklaringa til mannen hadde han drukke rundt fem øl. Etter kvart drog fleire av festdeltakarane til ein utestad i Volda sentrum. Saman med ein kamerat byrja mannen å gå mot utestaden. I retten forklarte mannen at dei sat seg i bilen for å varme seg. Då ingen kom for å hente dei valte mannen å køyre bilen til utestaden rundt ein kilometer unna, med kameraten som passasjer. Mannen forklarte at han angra på det han hadde gjort, og at han ikkje hadde noko god forklaring på kvifor han gjorde det. Utandingsprøve som vart teke seinare same kveld viste ein verdi på 0,35 mg/l. Mannen, som ikkje er tidlegare straffa, erkjende seg straffeskyldig etter tiltalen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømt til fengsel på vilkår i atten dagar. Han vart og idømt ei bot på 22.500 kroner, subsidiært fengsel i femten dagar. I tillegg vart mannen idømt tap av førarretten for ein periode på tolv månader. Perioden førarkortet var inndrege går til frådrag i tapsperioden. For å få tilbake førarretten vert det kravd ny førarprøve.