Dei siste dagane har politiet fleire gonger åtvara mot utanlandske svindlarar som ringer til folk på Sunnmøre og hevdar dei er frå Microsoft.

Laurdag beit ein ørsting på, og svindlarane fekk tilgang til datamaskinen og nettbanken hans.

Ein annan mann frå Ørsta, seier til Møre-Nytt måndag at han har vorte oppringt av svindlarane ei rekkje gonger den siste tida.

– Dei ringer alltid frå skjult nummer. Ein av dei som ringde meg, hadde ein veldig gebrokken engelsk, og eg spurde kvar han ringde frå. Han sa han var frå Bangladesh, seier ørstingen, som ønskjer å vere anonym.

Ifølgje ørstingen seier dei alltid at dei er frå Microsoft og at datamaskina til folk er øydelagde.

Svindlarane blir ofte rasande sinte når dei forstår at dei har vorte avslørte.

– Han sprakk skikkeleg då eg spurte etter telefonnummeret hans og sa eg ville varsle politiet. Han kalte meg ein «bloody f****ng idiot», seier ørstingen.