Sandven Ørsta blir Subaru-forhandlar i løpet av mars. Dei blir dermed den første forhandlaren av det japanske bilmerket på Søre Sunnnmøre.

– Vi får dermed fleire bein å stå på, melder selskapet måndag ettermiddag.

Sandven Gruppen i Bergen kjøpte 63 prosent av AS Autoservice i 2013, og verksemda vart til Sandven Ørsta AS.

Sidan då har dei satsa på sal av nyare brukte og bruktimporterte bilar, i tråd med forretningsmodellen til Sandven.

No blir dei altså nybilforhandlar av Subaru i tillegg.

– Subaru er eit merke som passar veldig godt i vårt klima med snø, slaps og is. Dei er kjende for den permanente firehjulstrekken sin, og har produkt av høg kvalitet og med gunstig prising. Vi ser fram til å kunne tilby dette merket som ikkje har vore representert i vårt distrikt tidlegare, opplyser Sandven Ørsta.

Sandven Ørsta skal framleis ha merkeverkstad for Audi og Volkswagen. Verksemda omsette for 80 millionar kroner i fjor og selde om lag 250 bilar.

Subaru Forester er ein av modellane til det japanske bilmerket.