Det var Norsk Målungdom som reagerte på at det var brukt bokmål om bord på ferjene på sambanda Lavik-Oppedal og Lote-Anda i Sogn og Fjordane. Dei sende spørsmål til Språkrådet, og no har svaret kome: Ferjer som går i riksvegsamband skal ha skilt og informasjonsopplesing på nynorsk.

- Dette er rett og rimeleg. Språkrådet har slått fast at Mållova gjeld på sjøen på same måte som på land, og vi ventar at Norled, Fjord1 og dei andre ferjedriftarane følgjer opp, seier Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

Mellom nynorskkommunar

Språkrådet skriv i sitt svar at ferjer som går mellom to kommunar med nynorsk som tenestemål, skal bruke nynorsk. I svaret sitt presiserer dei at ferjene mellom Anda-Lote og Lavik-Oppedal skal vere nynorskferjer, sidan ferjene går mellom to nynorskkommunar.

Dermed skal også alle riksvegferjene på Sunnmøre bruke nynorsk om bord.

- Her må ordførarar i nynorske ferjekommunar følgje opp, og passe på at veljarane får sjå språket sitt der dei har krav på det, seier Hope.

Gjeld ikkje for hurtigbåtar

Mållova regulerer ikkje ferjer i fylkesvegsamband og hurtigbåtar på same måten. Fylkeskommunane kan likevel stille krav til målbruken i anbodsteksten.

– Det er i tråd med hovudprinsippa i mållova at det blir praktisert liknande prinsipp for skilt på hurtigbåtar, som for riksvegferjer, skriv Språkrådet.