– Det skjer mykje spennande i reiselivsnæringa no. Reiselivet i Ørsta, og spesielt i Hjørundfjord, er på veg opp. Samstundes vert reiselivsorganiseringa endra med at Destinasjon Ålesund & Sunnmøre vert slått saman med destinasjonsselskapa for Geiranger og Nordfjord. Då er det viktig å passe på at vi held same posisjon for Hjørundfjord og Ørsta som no, seier Rune Hovde i Ørsta Høgre.

Ørsta Høgre held årsmøtet sitt på Hotell Sagafjord på Sæbø komande fredag, og før sjølve årsmøtet tek til, vert det invitert til eit ope møte om reiselivssatsinga.

Dit kjem reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre for å fortelje om omorganiseringa og reiselivssatsinga i Ørsta. Dessutan vil Sagafjord Hotell presentere si reiselivssatsing i Hjørundfjord no.

– Vi ynskjer alle interesserte hjarteleg velkomne, og vi håper på spørsmål og innspel. Det opne møtet vil halde på om lag ein time før vi går over til sjølve årsmøtet for Høgre-medlemmer, fortel Hovde.