Befolkningsanalysen frå Statistisk sentralbyrå viser med all klarleik at det er ein topp av 40-50-åringar i dag, som blir etterfølgde av eit langt mindre kull. Det vil gi store utfordringar for AS Noreg – og blir altså kalla for eldrebølgja. Det store etterkrigskullet har for lengst begynt å «skylje på land», og bølgja blir større og større.

Vil mangle arbeidskraft

– Eldrebølgja gir to store utfordringar for Noreg. For det fyrste vil det bli mangel på arbeidskraft når tilsett i 60-åra går av med pensjon dei neste fem-ti åra. For det andre vil utgiftene til eldreomsorg og helsetenester tek ein stor del av pengane frå statsbudsjett og kommunekasse, fortel sjeføkonom og dagleg leiar i NyAnalyse, Terje Strøm.

– For dei ulike kommunane vil det oppstå tilsvarande utfordringar, der erfarne lærarar, legar og tilsett innan omsorga går av med pensjon, poengterer han.

Delen i Ørsta

I Ørsta kommune bur det i dag 1.378 personar i alderen 40 til 50 år – dei som altså kjem til å «skylje i land» som pensjonistar allereie frå 2025 og åra etter det.

Dette utgjer 13,1 prosent av heile befolkninga i Ørsta. Denne delen er noko mindre enn det vi ser på landsbasis. I heile Noreg er nemleg 14,5 prosent av befolkninga i aldersgruppa 40–50 år.

Denne aldersgruppa blir etterfølgd av ei mindre gruppe; dei som er mellom 30 og 40 år i dag. I Ørsta kommune utgjer denne gruppa 1.235 personar, som berre er 11,7 prosent av befolkninga her. I Noreg er denne delen på 13,4 prosent.

Høgda på bølgja

Dette gapet er eit moment som også fortel ein del om korleis kommunane blir ramma av eldrebølgja. Delen innbyggjarar mellom 30 og 40 år angir på mange måtar «bølgjehøgda» i forhold til 40-50-åringane. På landsbasis skil det i dag 1,1 prosentpoeng, og det er storbyane som dempar bølgja mest.

I Ørsta kommune blir såleis forventa «bølgjehøgda» å bli på 1,4 prosentpoeng, mens fylket ser ut til å få eit gap på 1,8 prosentpoeng. Største forskjellar er det i Finnmark, der det skil 3,8 prosentpoeng. Hedmark og Oppland må tole eit gap på 3,6 poengpoeng. I Oslo er det faktisk overvekt den andre vegen.

– Dei store byane får også ein klar auke i mengda eldre, men innvandring og jobbskaping løyser ein stor del av utfordringa med forgubbing, seier Strøm.

Forskjellar

Tabellane viser at 1.134 personar frå Volda kommune er i aldersgruppa mellom 40 og 50 år. Det utgjer 12,7 prosent. Vi noterer at delen mellom 30 og 40 år er på 11,3 prosent i Volda, noko som gir ei «bølgjehøgd» på 1,4 prosentpoeng her og.

– Det er store forskjellar som pregar kommune-Noreg. Dei store byane og kommunane i nærleiken har langt mindre utfordringar enn mindre stader kor det finst færre arbeidsplassar til unge med høg utdanning, seier Strøm.

Størst utfordringar i Møre og Romsdal vil kanskje Stordal få, då «bølgja» vil bli på 6,5 prosent her. Blant Noreg sine 428 kommunar er Ørsta og Volda nummer 240 her.

– Bruk seniorane

– Ei regionreform med nye og større einingar kan gjere ein forskjell, men det er krevjande prosessar, slår Strøm fast.

Han lanserer tre hovudelement til løysing:

– Vi må få betre bruk av seniorarbeidskrafta, vi må ha smartare bruk av ny teknologi og vi må satse på arbeidsinnvandring.

Tekst: Yngve Johnsen