Finansdepartementet har 1. desember 2014 sendt ut eit forslag om å overføre ansvaret for skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten.

Forslaget inneber at det kommunale skatteoppkrevjarkontoret vert lagt ned, og at arbeidsoppgåvene vedkomande innkrevjing av skatt, arbeidsgjevaravgift, kontroll av arbeidsgjevarar, m.m., vert overført til Staten ved Skattekontoret.

Tilrådinga til formannskapet var at Ørsta kommune ikkje vil støtte at Staten skal overta desse funksjonane, og at det i så fall bør sjåast i samanheng med kommunereforma. Paul Kristian Hovden (KrF) tok også til orde for at det vil vere ein dårleg idé å endre på ting som fungerer godt.

– Forandring kan vi gjere om det er til det betre.

Høgre og Frp fremja derimot eit fellesframlegg der dei seier at dei støttar arbeidet med å forenkle, fornye og forbetre offentleg sektor.

– Mellom anna handlar det om å ha ei armlengds avstand når det kjem til økonomisk kriminalitet, seier Per Are Sørheim (H). Fellesframlegget fekk fem røyster og vart vedteke. Saka skal til kommunestyret.