– Det er kome melding om innbrot i to bustadhus. Vi har ein patrulje på staden no, som skal undersøke kva som har hendt, seier lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta til Møre-Nytt.

Det er stole verdiar frå bustadene, men det har ikkje kome konkret informasjon om kva som er stole.

Fleire innbrot

Det har vore fleire innbrot i indre Nordfjord dei siste dagane, både i Stryn og Hornindal. Hagen meiner det er naturleg å tenke seg at det er eit samband mellom hendingane der og innbrotet på Vartdal.

– Erfaringa viser at denne typen innbrot ofte er gjennomført av omreisande vinningskriminelle. Det er likevel for tidleg å konkludere med dette., seier han.

Måndag ettermiddag melde NRK Sogn og Fjordane at ein litauisk mann var arrestert mistenkt for å ha tilknyting til innbrota i Nordfjord. Jan Tore Sunde ved Stryn lensmannskontor ser ikkje vekk frå at han også kan ha noko med innbrotet på Vartdal å gjere.

– Dei reiser i bil og kjem seg rundt til fleire bygder, så det er godt mogleg, seier han til smp.no.

Det har vore fleire innbrot av denne typen på Søre Sunnmøre den siste tida. Ei helg i november var det innbrot i tre bustader i Ørsta og ein i Ulstein.

Tips

– Vi vil gjerne ha tips frå publikum om dei har informasjon om desse innbrota. Generelt er det svært viktig at folk tipsar oss om dei ser noko mistenkeleg. Det kan vere bilar som ikkje høyrer heime ein stad, eller anna mistenkeleg åtferd, seier Hagen.

Han oppmodar også folk til å ta grep for å unngå innbrot.

– Det er preventivt la lys stå på inne og ute til alle døgnets tider, også når ein er vekkreist. I tillegg bør ein sjølvsagt låse alle dører. Nokre vel også å montere innbrotsalarm.