Ørsta kommune og Legesenteret AS er samde om ein intensjonsavtale om å forhandle med Ivar Aasengate 10 AS (Nordea-bygget) om leige av lokale og det økonomiske grunnlaget for nysamarbeidsavtale om drifta av legetenesta.

Legetenesta i Ørsta har i dag lokale med klare manglar som har vore kjende i fleire år. Det gjeld både talet på legekontor, standard og funksjonalitet og ikkje minst forholda knytt til berre ei skiftestove.

Det kom inn fire tilbod om lokale i sentrum og etter første vurdering vart det avgjort å gå vidare med to av desse. Dette gjeld Vikegata 9, Sparebank 1 – eigedom og Ivar Aasengate 10 AS.

Begge tilbydarar har ifølgje kommunen kome med akseptable pristilbod i høve marknadspris, og begge stettar kravet til plassering.

I Vikegata 9, må legetenesta nytte to etasjar, og det meiner dei har for store ulemper framfor ei løysing med alle funksjonar i ein etasje.

I tillegg er det noko knapt i høve parkering og usikkert om reguleringsendring vil stette det totale behovet.

Nordea-bygget

Ivar Aasengate 10 AS kan tilby alt samla i nybygd del i 2. etasje. Under føresetnad av god heisfunksjon, vil dei difor prioritere å forhandle vidare om dette alternativet. Her er også meir rom for parkering og utviding av leigearealet i framtida.

Ordførar Rune Hovde og dagleg leiar for Ørsta Helsesenter, Trude Tonning, signerte fredag ein intensjonsavtale. Tysdag skal formannskapet handsame saka, og 12. februar vert endeleg ord sagt i kommunestyret.