– Det nye naudnettet er oppe og går, og vi har framleis tilgang på det gamle analoge nettet. Alle medarbeidarar har sine handapparat og køyretøya er og utstyrt med det nye sambandet, seier lensmann Guttorm Hagen som legg til at politiet no har ei utprøvingsperiode og at det nye sambandet fungerer godt.

Aksjonssamband

Førre veke kom det nye sambandsutstyret på plass, og det vart teke i bruk denne veka. Ved behov kan politiet ha kontakt med den kommunale redningsetaten, og det kan og verte oppretta eit eige aksjonssamband. Lensmannen gjev også ros til arbeidet som Ørsta Røde Kors har lagt ned i sin nye kommunikasjons- og informasjonssentral.

– Det er bra med alternativ, og Ørsta Røde Kors har funne ei god løysing. Det kan tenkjast at ved store omfattande leiteaksjonar, som vi har hatt, så kan vi dele ut samband til veldig mange. Det er eit samband som dei offentlege etatane ikkje er inne på.

God kontakt i distriktet

Med naudnettet som vert teke i bruk har både politi, brann og ambulanse mykje betre kontakt over sambandet.

– Det er krevjande å byggje ut samband i Noreg og distriktet her, men det er gjennomført testar og det er eit veldig samband for oss. Vi har god kontakt over heile distriktet, og det gjeld og i tunnelane. Viss der er soner så har vi framleis både mobil- og satellittelefon. Satellittelefon er meir ein beredskap i samhandling med kommunen, brannvesenet og hjelpekorpsa.

Gjennom det opne analoge sambandet er det mange som har lytta til dei offentlege etatane, men det nye naudnettet er ikkje ope.

– Litt på spøk så vil eg takke for interessa gjennom mange år til alle dei som har lytta på det analoge sambandet. I alvor så har det vore situasjonar som har vore uheldige der informasjon som går under teieplikta har gått ut. Det nye naudnett er eit steg i rett retning.

Opplæring

Ørsta brann og redning skal og over på det nye naudnett, og denne veka har dei gjennomført opplæring. Komande veke får utstyret i hende, og om ein månads tid er dei opp og går på det nye sambandet.