Og det veit Møre folkehøgskule å nytte seg av. Rektor May Kristin Bolli fortel om svært aktive ungdomar, 94 i talet, som dagleg boltrar seg i sunnmørske fjellsider, skogar, elvar og vatn.

Elevane fordeler seg på fem ulike linjer, frå ekstremsport til animasjon og Kina.

– Alle nyttar friluft i ulike grader. Du skal vere i god form når du reiser på klassetur til Kina og skal gå i dei gule fjella eller på den kinesiske mur. Akkurat no er Adventura Sør-Amerika i Peru og hoppar fallskjerm, går på 3.000 meter høge toppar og campar i telt i bushen. Grunnlaget har dei lagt her.

Mange søkjarar

Og i dette ligg oppskrifta til suksess. Folkehøgskulen opplever svært gode søkjartal, i motsetnad til mange andre skular i landet, erfarer Bolli. Nyleg var ho på treff i Oslo, og situasjonen var ikkje like lys for alle.

– Vi er ein open marknad, og då er kvalitet viktig. Vi skal ha ei bra vare og eit produkt som sel. Og så er det sjølvsagt slik at ting ikkje sel seg sjølv. Vi er aktive på sosiale media, frå Instagram til YouTube, men det aller viktigaste, er den erfaringa tidlegare og noverande elevar deler. Eit godt rykte har alt å seie.

Til 98 plassar ved skulen har dei i dag 100 søkjarar. 1. februar startar opptaket, og det går fortløpande fram til skulen startar i august.

Eineståande

Om alle takkar ja er det slik at fleire linjer alt er fulle.

– Vi er eineståande i tilbodet om Kina og Animasjon. Vi har også eit eineståande skulemiljø fordi breidda mellom dei ulike linjene er så stor. Vi har mange fellesaktivitetar og valfag på tvers av linjene.

Bolli trur at dette er ein klar fordel framfor skular som er meir «reindyrka» i linjetilbodet sitt, der linjene er meir like.

– Vi har også fokus på bistand, som vi har merka oss at det er veksande interesse for blant ungdom, og vi tenker kvalitet i alle ledd, frå matbordet, med «meatfree mondays» til kvaliteten på personalet. Vi får vere med å utvikle elevane som menneske, dei får sterkare etisk medvit, og dei får større samfunnsengasjement ved å vere elev her.