– Vi satsar på at alle gode ting er tre, seier Paul Krøvel ved Furene Bil AS. Bilverkstaden har vore nominert til prisen for årets bilverkstad blant over 50 innsende forslag. I år satsar dei på å hente prisen heim til Furene.

– Vi sender to stykke til Oslo, og satsar på at dei kjem heim med prisen, seier dagleg leiar Jens Ingvarsson.

Kriteria verkstadene blir vurdert etter, er mellom anna renommé og «evne og vilje til å strekkje seg mot framtida».

Vekst

Han starta verksemda i september 2007, med ein tilsett.

– Bedrifta er bygd opp stein for stein. Vi har vore i Meca-kjeda frå dag ein. Det gjer at dei tilsette får regelmessig etterutdanning, seier Ingvarsson.

No har Furene Bil vakse til ein fullverdig verkstad med fem tilsette.

– Vi har hatt overskot kvart år og investert i moderne, godt utstyr og mykje diagnoseverktøy.

Omsetninga har auka frå 1,5 millionar kroner i 2008 til mellom sju og åtte millionar i dag.

Dette skjer trass i hard konkurranse i bilverkstadbransjen i Ørsta og Volda.

– Eg veit ikkje om nokon stad det er så hard konkurranse om kundane som her. Her er både mange merkeverkstader og ei rekkje uavhengige verkstader, seier Krøvel.

Utvidar

No har dei vakse seg ut av dei 300 kvadratmeter store lokala, og satsar på å ha klart eit påbygg på 170–200 kvadratmeter i løpet av året. Tilbygget skal bli ei eiga avdeling for bubilar og større varebilar. I tillegg blir resepsjonsområdet utvida.

Bubilar er satsingsområdet til Furene Bil.

– Det har vi opparbeidd oss god kompetanse, og påbygget vil gjere oss endå betre i stand til å satse på denne marknaden.

– Korleis er bubilar annleis enn andre bilar?

– Teknisk sett er det ikkje så mykje skilnad. Motor, gir og drivverk er det same. Men bubilar er gjerne heimen til folk fleire veker i året. Vi har veldig stor respekt for at vi er inne i ein heim når vi arbeider med ein bubil, seier Ingvarsson.

– I tillegg har bubilar låge plastskjørt, som er ganske ømtolige. I den nye avdelinga får vi spesielle løftebukkar som tek omsyn til dette, legg Krøvel til.