– Det vil seie vegane i Follestaddalen, Åmdalen (til Bondalseidet), Nørestranda, Sørestranda, Melsbygda, Brekke og Brungot, seier kulturrådgivar Jostein O. Mo  i Ørsta kommune.

Han inviterer no folk til å sende inn sine forslag til vegnamn til kommunen.

Tidlegare har det kome på plass vegadresser på Sæbø, Vartdal og Vartdalsstranda. Her kom vegskilta på plass i fjor. Vegadresseprosjektet er del av eit nasjonalt prosjekt som skal gi vegadresser til alle nordmenn.

– Dette er ikkje minst viktig for ambulansar, som har behov for å finne raskt fram til den rette bustaden. Før i tida sette ein gjerne ein kjøkenstol opp på vegen for å hjelpe legen å finne fram. Slik er det ikkje lenger, seier Mo.

Sjølv om dei fleste i Ørsta no har vegadresser, er det mange bygder der det framleis manglar.

– Det er gjerne der det er vanskelegast å finne fram for dei som ikkje er lokalkjende.

Grendelag kan gå saman

Då Vartdal skulle få vegadresser for nokre år sidan, heldt bygdefolket like godt eit eige møte der dei diskuterte kva namn vegane i bygda burde ha.

– Om bygdene går saman og leverer felles forslag, er det lettare for oss å seie ja til forslaget. Om andre grendelag vil gjere som på Vartdal, er dei velkomne til det, seier Mo.

Han trur mange har sterke meiningar om vegadresser.

– Om du vi skape usemje, er det berre å diskutere namn på vegar og stader. Men eg reknar med vi skal få til gode løysingar der folk eventuelt er usamde med kvarandre eller med våre forslag.

Nokre krav

Forslaga som kjem inn, vil vere viktige i kommunen sitt arbeid med å namngi vegane.

– Vi vil helst sleppe å finne på så mange namn sjølve. Til fleire som kjem frå innbyggjarane, til betre er det.

Nokre krav er det likevel.

– Namna må vere lette å lese og forstå. Og det kan ikkje vere eit vegnamn som allereie i bruk ein annan stad i Ørsta eller i Volda. Det er viktig å unngå, seier Mo.

I tillegg er det nokre stader der delar av vegen allereie har fått namn. Kommunen ønskjer at resten av desse vegane får same namn.

Fristen for å kome med forslag er sett til 20. februar.

Om andre grendelag vil gjere som på Vartdal, er dei velkomne til det

Får adresser: Follestaddalen er ein av stadane som no får vegadresser.arkivfoto