Ulukkesstatistikken for fjoråret er no klar. Tabellane viser kor mange trafikkulukker med personskade som har vore registrert i kvar kommune i Noreg, og oversikta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) fortel at det skjedde 15 slike ulukker i Ørsta kommune i fjor.

Personar skadde

Det blei altså meldt om personskade i alle desse tilfella. Heldigvis slepp vi å notere nokon trafikkdrepne i Ørsta kommune i fjor, men totalt var det 23 personar som blei skadde i dei nemnde ulukkene. Av desse var det to personar som blei meldt inn som hardt skadde.

Landsoversikta viser at 149 personar omkom i trafikken i Noreg i fjor. Dette er historisk sett eit ganske lågt tal, faktisk det nest lågaste på seksti år. Og 35 færre enn i 2013. Det årlege gjennomsnittet i tiårsperioden 2004–13 var på 213 omkomne. I perioden 1994–2003 var ein oppe i eit årleg snitt på heile 300 trafikkdrepne kvart år i Noreg.

Etter ein tilbakegang i fjor er vi tilbake på den fallande trenden med færre trafikkdrepne år for år. Vi er sjølvsagt glade for nedgangen. Men dette er meir enn tal og statistikk. Bak kvar einaste ulukke er det ein tragedie som rammar familie, ven, kollegaer og lokalsamfunn, seier direktør Marit Brandtsegg i Statens vegvesen.

Volda

I Volda kommune har politiet innrapportert åtte trafikkulukker med tilhøyrande personskade. Her er det heller ikkje meldt om nokon omkomne, men det var totalt elleve personar som blei skadde i ulukkene. Av desse blei det meldt om fire alvorleg skadde.

– Vi arbeider no med å analysere ulukkene. Det er møte- og utforkøyringsulukkene som dominerer med heile tre av fire trafikkdrepne. Vi ser også at fleire eldre trafikantar, frå 65 år og oppover, er oftare representert på lista enn tidlegare. Denne aldersgruppa utgjer 30 prosent av dei omkomne i trafikken, seier Brandtsegg.

I Møre og Romsdal var det i fjor 303 ulukker med personskade, og totalt 427 personar blei skadde i desse. Det var åtte personar som omkom i trafikken i Møre og Romsdal i 2014.

Ulukker siste fem år

Både SSB og Statens vegvesen bruker tidsperiodar for å sjå dei langsiktige trendane, då ulukkestala kan variere ein heil del frå år til år. Det same har vi gjort for å sjå utviklinga dei siste fem åra her lokalt. Ein titt på SSB-tala viser nemleg at det har vore totalt 83 trafikkulukker i Ørsta kommune i perioden frå 2009 til og med 2014, der det har blitt meldt om personskadde. Desse tilsvara eit årleg snitt på 16,6 ulukker i Ørsta. Det er to personar som har gått bort i tilknyting til desse, medan totalt 128 personar har blitt skadde, av dei 15 hardt skadde.

I Volda kommune har det vore totalt 44 tilsvarande ulukker, og her er det fire personar som har omkome som ein følgje av dette. Totalt var det 63 personar som blei skadde i Volda, og åtte av desse alvorleg.

Trafikkulukker med personskade 2009-2014

Mengd Årlig snitt

Ørsta 83  16,6

Volda 44    8,8

Møre og R. 1.959 392

Noreg 35.842     7.168