Hammerseth kjem opphavleg frå Florø. No bur han i Tjørvåg. 25-åringen har utdanning frå Høgskulen i Ålesund. Han har også studert ved NTNU i Trondheim. Han gler seg til å ta fatt på mange utfordrande oppgåver.

– Eg har jobba med sal før også, men då har eg reist rundt i heile Noreg til kundane. Her handlar alt om dei lokale kundane. Det likar eg, og eg ser fram til å møte både nye og gamle kundar, seier han.

Godt inntrykk

Han er allereie på plass i Møre-Nytt og ser fram til å møte kundane i avisa sitt dekningsområde.

– Eg har fått eit svært godt inntrykk av Møre-Nytt og av Ørsta/Volda den korte tida eg har vore her. Mitt inntrykk er at lokalavisa står sterkt i lokalsamfunnet. Den posisjonen håper eg vi kan bruke i den digitale satsinga vår, seier Hammerseth.