– For meg er dette eit heilt perfekt yrke. Det er spennande og utfordrande, og eg vert aldri utlært.

Storfekjake

Ørstingen bur i dag i Stavanger og jobbar som soussjef i Spiseriet i Stavanger konserthus. Dei er rangert som ein av dei 200 beste restaurantane i Norden. Før helga var han lagleiar då to av lærlingane til Spiseriet var med i Norgescupen for lærlingar. Det er ein omstendeleg prosess som startar med ei regional kvalifisering. Der var det med 12 lag, der dei to beste gjekk vidare. I Stavanger før helga stakk dei så av med den gjævaste prisen, siger i kokkefaget. Konkurransen gjekk over to dagar, og 20 kokkelag kjempa om seks finaleplassar.

– I finalen laga lærlingane mine ein treretters meny til 12 personar i løpet av fire hektiske timar. Kveite og østers til forrett, ytrefilet og storfekjake til hovudrett, og dessert av mango, kesam og sagogryn. Det er mykje som skal stemme for at alt skal vere heilt perfekt, men alt klaffa.

No skal dei representere Noreg i Nordisk konkurranse for kokk- og servitørlærlingar i Trondheim til våren.

Nordisk konkurranse

Å vere med på konkurranse held sansane og kunnskapen skjerpa. André har gått gradene. Frå bakar- og konditorlina på Ørskog, via restaurant- og matfag i Ørsta, før det vart praksis og arbeid i Rogaland, for kjende og velrenommerte restaurantar som Gamlaværket og Renaa. Han deltok også i NM i Kokkekunst i 2013, og fekk med seg heim ein fjerdeplass. No har han vore snart to år på Spiseriet.

– Det kan vere både travle og lange dagar. Vi kan servere alt frå nokre få personar til store bankettar på opp til 900 menneske. Dagen startar med å førebu råvarene, så legg vi opp til ein fast fem retters meny til kvelden.

Som soussjef er han grada under kjøkkensjef, og har også ansvaret for lærlingane og kokkane ved restauranten.

– Ikkje akkurat ein ni til fire jobb?

– Nei, det er det ikkje. Det er alltid noko å henge fingrane i. Det er ingen problem å finne noko å gjere, men det er slik eg vil ha det.

Kokk: André Hovdenakk Slettvoll gjekk restaurant- og matfag ved Ørsta vidaregåande skule. I dag er han soussjef ved Spiseriet i Stavanger Kulturhus, ein høgt rangert restaurant. Foto: Roy-Arne Folkestad