(Denne saka er skriven av elevar ved Volda vgs.)

Det er ein kald og våt onsdag, seint i januar. På nedre bygget ved Volda vgs. er årets musikalkor på veg inn til øving. Korlærar Hildur Sandstad Dalen tek i mot gjengen sin med eit stort smil. Koret stiller seg systematisk opp på rekke og rad.

Live er stilt opp midt i den store mengda av elevar. Ho er ei av dei som skal vere med på gi musikalen vakre og vene tonar.

- I år har eg fått meg ein liten solo, der eg skal synge eit lite utdrag av ein av songane i musikalen. Songen er litt utfordrande og eg må fokusere mykje på å få til å formidle bodskapen i teksta, seier ei forventningsfull og spent jente.

Stillheita blir berre avbroten av enkelte gjesp og trøytt mumling. Den ellers svært livlige gjengen med musikkelevar er mot alle odds ganske rolige denne morgonen, kanskje grunna at klokka ikkje har bikka 09.00 enno.

- Då startar vi, seier Hildur med ei bestemt og livlig stemme. Elevane er lydige, mumlinga stilnar og dei rettar merksemda mot læraren.

Hildur startar opp timen med oppvarming og tøying. Elevane heisar på skuldrene og rullar på hovudet, medan ho gir instruksar og korrigeringar om korleis ting skal vere og gjerast.

- Tenk deg at du har ein liter mjølk i handa og strekk godt i nakken, seier Hildur medan ho viser korleis det skal vere.

Når både kropp og stemme er varma opp, set dei i gong med terping av songar. Frå utsida høyrer det mest ut som puslebitar som ikkje har blitt sett saman enda. Dette fordi alle stemmene skal tilpassast og fungere saman på ein harmonisk og fin måte. Men utifrå det vi har høyrt frå koret tidlegare, kan vi stole på at dei også denne gongen og vil greie å få sett saman puslespelet og finne harmonien.

- Forventingane mine til årets musikal er veldig store. Vi har eit heilt nytt konsept, og eg trur det kjem til å bli eit heilt fantastisk show, seier Live og smiler bredt.

I år har koret fått hjelp av koreograf og danselærar Renata Vynikalova. Ho har regi for all koreografien til årets musikal. Ved hjelp av hennar ekspertise er det blitt gjort ein vri på oppgåva til koret. Ho har lagt inn koreografi i det ellers stilleståande koret. Dette gir koret ein ny og viktig plass i regien.

- Utfordringane i år ligg i å hugse og halde styr på både tekstane og koreografien, ler Live.

Ho gleder seg til premiera som er om ei veke. Men samstundes som ho gleder seg mykje til å stå på scena er det nokre hinder som skal overvinnast.

Skriven av Dorthe Johanne HovdenFoto: Eline Korsnes Sundal(Begge elevar ved Volda vgs.)