– Vi har mange års erfaring som vi no har prøvd å samla. Noko har vi fått til, og noko har vi ikkje fått til. Vi har brukt relativt mykje tid no på å byggje opp KIS, seier leiar Helge Vatne i Ørsta Røde Kors.

Frå sitt eige kontrollrom i Røde Kors-huset kan dei både hente inn og få gitt ut informasjon om det skulle dukke opp ein krisesituasjon. Røde Kors kan kommunisere med eige mannskap over heile Søre Sunnmøre, samarbeidspartnarar lokalt, kontaktpersonar i kommunen og instansar som hovudredningssentralen og politiet.

Yte service

Informasjonen som Røde Kors hentar inn vil dei dele, og dei ynskjer tilgang til informasjon frå alle delar av kommunen. Dei vil loggføre og dokumentere hendingar, og undervegs i ein krisesituasjon vil dei kunne oppdatere situasjonskart. I ein større leiteaksjon der mange melder seg kan leitemannskapa få tildelt søkeområde på GPS, som og viser kvar i området det har vorte søkt. I tillegg kjem også Ørsta Røde Kors på det nye naudnettet.

– Vi har og VHF på faste stasjonar som dekkjer heile kommunen. Ved spesielle behov kan vi sette opp reléstasjonar for å få findekning av eit større areal. Systemet vårt er enkelt og robust, og det einaste vi treng er straum, seier Vatne.

Ørsta Røde Kors er førebels avhengig av å rigge opp mobile relèstasjonar for å kunne nå alle delar av kommunen gjennom beredskapssambandet på VHF. Beredskapssambandet er eit eige prosjekt som dei har arbeidd med i fleire år. Saman med Røde Kors i både Volda og Vanylven. Det mobile utstyret med relèstasjonar og linkar er utprøvde sidan 2012.

– Vidare har hovudstasjonen på Helgehornet vore i prøvedrift sidan februar 2014, og Eitrefjell sidan 2013. Desse dekker ein stor del av kommunen. Men vi treng fleire. Vi vonar at det aller meste av dette skal vere på plass i løpet av 2015. Vi vil då ha eit operativt samband «frå første sekund» over heile kommunen.

Dobbeltsikring

Alle radiosamband er uavhengig av infrastrukturen i telenettet, og sjølv om alle andre kanalar er nede kan Røde Kors kommunisere gjennom sitt nye system. Til stader med dårleg mobilnett kan Røde Kors rigge samband, og om det skulle oppstå ein situasjon så vil kontrollrommet vere bemanna.

– Det nye naudnettet er vi positive til, og det kjem til å fungere. Med vårt system så har vi ei dobbeltsikring.

Både lensmann Guttorm Hagen og ordførar Rune Hovde var til stades på Røde Kors-huset onsdag og er imponert over det Røde Kors har fått til.

– Det er veldig interessant, og eg let meg imponere av Røde Kors. Likevel så kan vi ikkje lene oss heilt på systemet og vi har vårt eige kommunikasjonssystem, men vi kan arbeide saman, seier Hovde.

– Vi ynskjer eit godt samarbeid med Røde Kors og utvikle det. Dei har utvikla eit tilbod til utfordringar som kan kome, seier Hagen.

– Ein unik funksjon

NRRL er landsforeininga for radioamatørar, og samarbeidspartner med Ørsta Røde Kors. Sambandsteneste er ein aktivitet i NRRL, og gjennom radioamatørane kan det vert oppretta ekstern kommunikasjon frå Ørsta gjennom kortbølgjesamband både regionalt og nasjonalt. Samarbeidet gjev dei direkte tilgang til det nasjonale naudsambandet på kortbølgje. Både hovudredningssentralane og statlege instansar som DSB er med i naudsambandet, og det vert arbeidd med å knyte til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Kommunikasjon kan verte oppretta gjennom tale eller e-post, VHF-samband og ad hoc-løysingar.

For kortbølgjenettet treng dei eit formalisert samarbeid med kommunen, og NRRL Sunnmøre må vere med i kommunen sine ressursoversikter.

– I tillegg må NRRL Sambandstenesta vite at vi er operative, seier Svein Jarle Moe i NRRL Sunnmøre.

Kortbølgjesambandet er ein vesentleg del av kommunikasjons og informasjonssentralen til Ørsta Røde Kors.

– Det er ein vesentleg del, og kombinasjonen av ulike sambandsløysingar gjer sambandsrommet veldig unikt. Gjennom kortbølgjenettet har vi ekstern kommunikasjon og kan skaffe eller gje ut informasjon. Kontakt med t.d. Hovudredningssentralen og Oslo får vi gjennom dette sambandet. Vi er eit team på ti til tolv personar, både frå Ørsta Røde Kors og NRRL, som opererer dette, seier Vatne.