I september i fjor sendte Inge Kolås e-post til Hans Olav Myklebust og Rune Hovde der han oppmoda lokallagsstyre/laga i begge kommunane om å vere med på litt visjonsbygging, og litt høgtenking rundt korleis framtidig organisering av ein fleirbrukshall i tilknyting Ørsta vidaregåande skule. No etterlyser Kolås svar.

– Ber om at dette vert teke opp i Formannskap og kommunestyret til drøfting. Eg meiner at det er heilt avgjerande at dette viktige arbeidet vert leia av ein person, gjerne med eit valt styre under den faste stillinga. Der er i dag tilsette personar i eigedomsseksjonen i Ørsta kommune, som er svært eigna til å lede denne jobben. Når ein no veit at budsjetta for både kommunen og for fylket, tilseier at pengar skal samordnast og brukast, ja desto viktigare er dette spørsmålet, skriv Kolås.

Hovde har svart og seier at det vert arbeidd i desse dagar med det Kolås tek opp. Det har vore møter med fylkeskommunen, internt og det er planlagt møte med Ørsta idrettspark.

– Målet med arbeidet no er å organisere arbeidet slik at bestillinga om sak i løpet av første halvår 2015 blir levert til kommunestyret i rett tid.