Frå 1. mars har dei fast personell i næringshagen på Eid, med inngåande kjennskap til bygg- og anleggsbransjen i Nordfjord. Med det vonar det tradisjonsrike ingeniørføretaket å bli ein tydeleg aktør også i den regionen.

Innan taksering er Ose Ingeniørkontor allereie godt etablert i Nordfjord. Føretaket har frå før solid feste hjå sterke aktørar i Ålesundsregionen og lokalt i Ørsta og Volda. Dette er initiativrike og krevjande kundar som på grunnlag av gode erfaringar og tillit kjem att og ynskjer tenestene frå Ose ingeniørkontor også i neste prosjekt, seier firmaet i ei pressemelding.

Heileigd

Ose Ingeniørkontor AS er heileigd lokalt av Trond Ose, Tor Egil Meland og Jonas Reitan som i lag med sine tilsette har utvikla og tredobla føretaket seinare år.

Med 16 tilsette, fem sivilingeniørar og elleve ingeniørar, takstmenn og teiknarar, er kontoret størst på Søre Sunnmøre innan si verksemd.

Jonas Reitan (40) er frå 1. januar i år ny dagleg leiar av Ose Ingeniørkontor. Han tek over etter Trond Ose som har vore leiar i mange år, etter stiftar Magnar Ose.  Jonas Reitan er Sivilingeniør i bygg og leiar også avdelinga for prosjektleiing og byggeleiing. Han har vore 16 år i rådgivarbransjen – halve tida på Ose Ingeniørkontor, og før det i Byggtek og Multiconsult i Drammen og Oslo. På referanselista står fleire av dei store olje/gass- og byggprosjekta både frå inn- og utland. Elles er mange organisasjonsverv samt musikklærar og avløysar på lista, og han er sjølv oppvaksen på gard. Jonas er gift med Mona, har tre born og bur på Rotevatn i Vikebygda, Volda.

– Det blir både utfordrande og spanande å føre Ose Ingeniørkontor vidare, og med alle dei kompetente og trivelege folka me har i staben, er det ei ære, seier Jonas Reitan.

Nordfjordingen Tor Egil Meland (37) har vore ved kontoret sidan 2003. Han får tittel som marknad- og strategiansvarleg og vil jobbe for nye oppdrag i heile distriktet. – Spesielt spennande vil det bli å få avdelingskontoret vårt opp og fram i det nye marknaden vår Nordfjord, seier Meland som er utdanna byggingeniør og avdelingsleiar for prosjektering- og arealplan. I tillegg er Tor Egil utdanna takstmann med Veritas-godkjenning.

Ny sjef: Jonas Reitan (40) er frå 1. januar i år ny dagleg leiar av Ose Ingeniørkontor.