Eldsjelene i Bratt & blått, som står bak Trandalblues, har ei melding til folket: 4. juli skjer det store ting på Christian Gaard på Trandal. Då er det ingen andre enn det legendariske pubrockbandet Dr. Feelgood frå England som går på scena under verdas vakraste bluesfestival.– Vi har hatt mange store namn på Trandal, men Dr. Feelgood må vere noko av det argaste vi har hatt. Det er midt i smøraugo når det gjeld sjanger, vurderer Terje Myklebust, Arne Moe og Kyrre Grimstad i Bratt & Blått.

Planleggje

Dei er altså meir enn godt i gang med å planleggje årets bluesfest i Hjørundfjorden. Og som vanleg vert festivalen halden den første helga i juli. Og som vanleg tok det si tid før bluesentusiastane starta ei ny runde med planlegging. For det er slik at Bratt & Blått-gjengen tek eit år av gongen for Trandalblues.

– Vi er ganske så leide etter kvar festival og vi vurderte  også denne gongen å setje inn eit kvileskjær fordi det er mykje arbeid med denne festivalen. Men når tida går og hausten kjem, så vaknar vi til litt etter litt. Og når folk byrjar å mase om festivalpass og slikt, då er vi i gang, og no gler vi oss! Forsikrar arrangøren.

Miks

Åtte-ni band og artistar kjem til å spele under årets Trandalblues 3. og 4. juli. Og det vert som vanleg ein miks mellom lokale, nasjonale og internasjonale artistar, helt i tråd med Bratt & Blått sin filosofi. Ein lokal artist som er klar er Ståle Dimmen med band.

Når det gjeld dei internasjonale artistane er den førebelse nyheita frå arrangøren at det

legendariske bandet Dr. Feelgood skal spele. Og med seg til Trandal har dei gitaristlegenda Wilko Johnson.

Det britiske bandet vart starta i 1971. Hausten 1976 erobra dei toppen av dei britiske albumhitlistene med «Stupidity», som framleis skal vere blant dei heitaste liveplatene som er laga i England.

– Så publikum har verkeleg noko å gle seg til. Også til dei andre artistane som snart vert lanser, seier Terje Myklebust, Arne Moe og Kyrre Grimstad.